Brekke Energi og Kraft
"Energi for framtida"
Brekke Energi og Kraft

NYE ENERGIKLASSER - frå 1.1.2013

Energiklasser

INNFØRT I 1995: Sidan EU sitt energimerkesystem vart innført har teknologi gjort mange apparat meir effektive, dette gjeld og for varmepumper. Effektivitets skalaen er utvida med 3 klasser for å få med forbetringane, og for luft/luft varmepumper er best no A+++. I det gamle energimerkesystemet oppfylte dei fleste luft/luft varmepumpene av kjent fabrikat kravet til energiklasse A. Som tabell over syner er det store endringar, i tillegg er det den samla årlige energieffektivitetsfaktoren - SPF(SCOP) som skal ligge til grunn for klassifiseringa.

FORDELAR MED NYTT ENERGIMERKE

Fordel med at skala vert utvida er at du som forbrukar lettare kan finne den mest energieffektive luft/luft varmepumpa. Det nye merket vil framheve at det er stor skilnad på ytelsen til varmepumper.

SKAL VÆRE MERKA

Luft/luft varmepumper som er utstillt på salgsstedet eller utstilling skal være merka med heile energimerket som syner skalaen. Her vil det være lett å sjå kva energiklasse den aktuelle varmepumpa tilhøyrer. Om du ser på luft/luft varmepumper på nettet skal det minimum være opplyst om energiklasse bokstaven for produktet.

KRAV OG BEGREP FOR Å ANGI ENERGIEFFEKTIVITET

Det er krav til ei luft/luft varmepumpe sin effektivitet både når den vert brukt til oppvarming og når den vert brukt til kjøling. Det er mange begrep som er i bruk for å syne kor effektiv ei luft/luft varmepumpe er. Nedanfor er lista dei viktigaste forkortelsane å hugse på når du samanliknar forskjellige modellar. Det som er viktig for deg som forbrukar er SPF, den seier kor effektiv varmepumpa er når den vert brukt til oppvarming over eit heilt år i ei bestemt klimasone.

  • COP - Nominell effektfaktor ved oppvarming
  • EER - Nominell energieffektivitetsfaktor ved kjøling
  • SEER - Samla årlig energieffektivitetsfaktor ved kjøling
  • SPF - Samla årlig effektfaktor ved oppvarming

COP = Coefficient Of Performance

EER = Energy Efficiency Ratio

SEER = Seasonal Energy Efficiency Ratio

SPF = Seasonal Performance Factor

NB: "SCOP" ser ein og blir nytta for SPF

ENERGI LINKAR


VARMEPUMPE FAKTA

  • Aukar energi 3 til 5 gongar
  • Gjev stabil og god varme
  • Reduserer varmekostnadar
  • Reduserer klimautslepp

TA KONTAKT MED

Brekke Energi og Kraft
Tverrgata 4
6770 NORDFJORDEID

Telefon: 474 17 745
E-Post: beok@online.no

BESTILL BEFARING

BESTILL SERVICE

ENERGIBEREKNING

logo

© 2006 Brekke Energi og Kraft

novap

Panasonic

Nordic

fgass