Brekke Energi og Kraft
"Energi for framtida"
Brekke Energi og Kraft

Forsking og utvikling

Brekke Energi og Kraft driv forsking og utvikling ved bruk av eigne ressursar. Det har vore gjort fleire henvendelsar til det offentlege for bidrag og støtte - utan å lykkast - for å gjere ei lang historie kort - her er ei oppsummering.

SØKNAD - PLASSERING AV INNEDEL L/L VARMEPUMPE

Det vart sendt søknad til ENOVA, program Bolig, Bygg og Anlegg 12.05.2008 - Avslag 19.05.2008 - Begrunnelse; Dei støttar ikkje forsking ifm luft/luft varmepumper - fikk ingen gode forslag om kor det kunne søkjast om slik støtte.

Etter eige initiativ vart det sendt ei henvending til "Miljø og Energikomiteen" på Stortinget. Det vart etter innspel derifrå fremma ein søknad til Forskningsrådet mot program "RENENERGI" 23.05.2008 - Avslag 17.06.2008 - Begrunnelse; Støtta er berekna mot universitetsmiljøa og det må stå ein professor bak alle prosjekt som skal støttast. Fekk anbefaling om å søkje til ENOVA mot program for "Innovative Energiløsninger", samarbeid mellom Forskningsrådet, ENOVA og Innovasjon Norge - dette var eit program som skulle passe bra angåande prosjektet Brekke Energi og Kraft ønskte bidrag til.

Søkte så til ENOVA igjen, men denne gong mot program for "Innovative Energiløsninger" 27.06.2008 - Avslag 27.08.2008 - Begrunnelse; "Problemstillingen som beskrives er en velkjent problemstilling og vi kan ikke se at den representerer noe nytt". Brekke Energi og Kraft tok kontakt med ansvarlige saksbehandlarar bak avslaget, Det vart frå Brekke Energi og Kraft si side understreka viktigheita av å dokumentere forskjelen grunna dei store endringane i straumforbruk. Svaret som vart gjeve var som følgjer; "Alle veit at innedeler må stå lavt, det er nemleg ingen som plasserar varmeovnane oppe under taket!!!"

29.08.2008 vart det sendt mail til ein av lederane i ENOVA systemet der heile runddansen vart forklart. Svaret som kom derifrå gjekk på at dette antageligvis kunne være eit prosjekt for skattefunn. Uansett så burde vi for lenge sidan ha tekje kontakt med Innovasjon Norge lokalt for å søkt om såkalte frie midlar, det er på lokalplan Innovasjon Norge stort sett tek seg av tilsvarende saker.

Innovasjon Norge lokalt vart kontakta 04.09.2008 - dei stilde seg tvilande til om dei i det heile tatt kunne bidra med noke som helst, vedkomande fagperson skulle diskutere med anna fagpersonell på området og gje tilbakemelding. Brekke Energi og Kraft har så langt ikkje høyrt meir frå dei......

Kva kan sparast av straum?

Med utgangspunkt i at det dei siste 3 åra har vorte montert omkring 200000 luft/luft varmepumper, minst 80%(160000) av desse heng høgt for å varme. Om desse 160000 varmepumpene har eit gjennomsnittleg straumforbruk på 3000 kWh, så ville ein 15%(450 kWh) reduksjon i straumforbruk gje ei besparing på; 160000 x 450 kWh = 72 000 000 kWh. 72 millionar kWh tilsvarar det årlege totalforbruket til mange tusen eineboligar!

Lav- kontra høg -montering i varmemodus;

  • Straumforbruk: Redusert med 15% for å halde same temperatur
  • Temperatur: Temperaturskilnad frå golv til tak minkar med 2 grader
  • Trekk/blåst frå innedel: Vert flytta ned til golv og vekk frå nakke
  • Varmefordeling: Betra då ein spelar på lag med fysikk, varme stig
  • Kjøleyting: Vert redusert med 15% for å halde same romtemperatur
  • NB - kjøl: Golv kan skadast ved kjøling, kondensering

ENERGI LINKAR


VARMEPUMPE FAKTA

  • Aukar energi 3 til 5 gongar
  • Gjev stabil og god varme
  • Reduserer varmekostnadar
  • Reduserer klimautslepp

TA KONTAKT MED

Brekke Energi og Kraft
Tverrgata 4
6770 NORDFJORDEID

Telefon: 57 86 11 99
Mobil tlf: 47 41 77 45
E-Post: beok@online.no

BESTILL BEFARING

BESTILL SERVICE

ENERGIBEREKNING

logo

© 2006 Brekke Energi og Kraft

novap

Panasonic

Nordic

fgass