Informasjon og problemløysing
Varmepumpe leverer lite varme
Innedelen sinefilter må gjerast reine med jamne mellomrom, kor ofte heng i hop med aktivitet inne og bruk,
i starten vert det anbefalt kvar andre veke. Er det lite i filtera kan intervallet aukast. Tette filter kan gjere at varmepumpe leverer lite varme.
Etter 3 til 4 år med vellykka drift kan effekt bli merkbart redusert om det har samla seg ein del støv og fint smuss i sjølve radiatorar inne /
ute.
Det vil då være nødvendig med ein grundig rens av radiatorar for å gjenopprette god driftsøkonomi, ta kontakt for vidare aksjonar.
Det er is/rim på utedel
Det er heilt normalt at det rimar på utedel. Ved lave temperaturar stoppar varmepumpe og gjer automatiske avrimingar etter behov, under avriming blinkar "POWER" lampen på dei fleste modellar. Det renn då vatn frå utedel når is og rim smeltar, avriming tek frå 4 til 12 minutt.
Det renn vatn ut av utedel
Når varmepumpe rimar av renn det vatn ut av utedel. Ved fuktig veir kan det kome mykje vatn, opptil 20 liter i døgeret. Registrer at dette er heilt normalt og eit teikn på at avriming fungerer som den skal.
Utedel er nedisa/tett
1. Kontroller at fjernkontroll er innstillt på "HEAT".
2. Kontroller at dreneringshull/dryppspaltar i botnpanne er åpne.
3. Kontroller varmekabelens funksjon.
Opptining - igjenfrosen utedel
1. Ved plussgrader ute, slå av varmepumpe og vent til is har smelta, kan køyre i kjøledrift for å påskynde nedsmelting.
2. Kople ifrå straum og hell forsiktig varmt vatn på baksida av varmepumpe til isen har smelta.
NB: Vatn må ikkje kome i kontakt med elektronikk som er rett unnder toppdeksel
Avvik
Etter straumutfall / spenningsfall, og varmepumpe oppfører seg unormalt;
- Sjekk at innedel gjev kvitteringslyd
- Om kvitteringslyd manglar - skift batteri i fjernkontroll
- Slå av varmepumpe
- Kople frå straumtilførsel
- Vent 5 minutt
- Kople til straumtilførsel
- Start varmepumpe
- Er alt normalt etter 30 minutt?
- Om ikkje - ta kontakt for vidare aksjonar