Brekke Energi og Kraft gjev kundane,
- Tilleggsisolerte varmepumper
Dei ekstraisolerte maskinene gjev frå 5,3 til 10,6 kWh meir varme pr. døgn ved full effekt samanlikna med tilsvarande fabrikkleverte modellar.
- Kvalitetssikring
Hovudarbeidsfeltet til Brekke Energi og Kraft er montering og levering av varmepumper. Vi har skikkeleg utstyr og høg kompetanse, godt verktøy og gode teknikkar sikrar det beste resultatet. I samband med montering er det viktig å sikre at anlegget er tett, lekkasje og fukt lagar problem. Erfaring viser at manglar ved monteringsarbeid kan gje dyre reperasjonar. Flensing av rør vert utført med elektrisk flenseverktøy, som gjev dei beste og tryggaste tetteflatene. Rør- skøytane vert momenttrekt, og det blir utført trykk og lekkasjetesting med nitrogen. Til slutt før påslepping av kuldemedium vert det vakuumert til djupt vakuum(99,997 % vakuum). Kompressorolje tiltrekk seg lett fukt, djupt vakuum hindrar fuktpåvirkning og aukar varmepumpa si levetid med mange år.
- Dokumentasjon, opplæring og garantiar
Ved overlevering av ferdig anlegg vert det levert utfyllande informasjon om yting, bruk og vedlikehald av varmepumpa. Ein praktisk gjennomgang og forklaring er standard etter driftsetting. I tillegg føl det alltid med brukarveiledning på norsk og signert garantiskjema. Våre nettsider har eigne brukartilpassa sider med nyttige tips og utfyllande dokumentasjon.
- Service og vedlikehald
For kundar med behov for assistanse/hjelp så er vi å treffe på telefon alle dagar. Kundar vert også kontakta når det er tid for vedlikehald, normalt etter 5-6 år.
- Førsteprioritet
Brekke Energi og Kraft er hovudforhandlar av Panasonic varmepumper i Nordfjord for Ventistål AS(største leverandør av varmepumper i Norge). Dette medfører at våre kundar har førsteprioritet om andre aktørar i markedet krev same assistanse frå Ventistål AS.