Brekke Energi og Kraft
"Energi for framtida"
Brekke Energi og Kraft

Dimensjonering av varmepumpe

For å sikre at du får eit varmepumpesystem med god driftsøkonomi, og som fungerer utan problem, er det viktig at dimensjonering av varmepumpe og oppvarmingssystem er utført best mulig og av fagfolk, Brekke Energi og Kraft kan utføre desse berekningane for deg.

Korleis sikre at varmeyting og behov passar?

BoreholDet er viktig at varmebehovet vert registrert så godt som mulig, når ein vil sikre at varmepumpe størrelsen passar til huset sitt varmebehov. Til å berekne varmepumpa si nødvendige yting vert huset sine parameter sett opp med ein fast innetemperatur mot ein fast utetemperatur(DUT Dimensjonerande Ute Temperatur). Energidekninga skal dimensjonerast i forhald til varmebehov ved DUT, ei godt dimensjonert varmepumpe skal ikkje dekkje 100% av det totale årlege varmebehovet, ein viss andel av energi skal leverast av tilskotsvarme frå el.patron eller anna. Andel tilskotsvarme vil og være bestemt av om ein hentar energien frå jord, luft eller vatn.

val av for stor varmepumpe fører til -

Varmepumpa vil få svært mange start og stopp i ein normal driftssituasjon. I sommarperiodar kan det i tillegg oppstå situasjonar der varmepumpa ikkje klarer å avgje varmen raskt nok i samband med oppvarming av varmtvatn. Auken i antal start og stopp vil gje kortare kompressorlevetid.

val av for lita varmepumpe fører til -

Elektrisk tilskotsvarme vert kopla in tidlegare. Energidekkninga vert lavare med tilhøyrande auke i driftsutgifter til el.patron. I tillegg vil det kunne gå utover varmekomforten i huset. Før ein dimensjonerar varmepumper for eldre hus vert det anbefalt å gjere førebyggande tiltak.

Kva betyr turtemperatur som skal varme huset?

Turtemperatur på vatnet som skal varme huset har stor betydning for varmepumpa sin energieffektivitet. Høgare turtemperatur vil fort redusere varmepumpa sin energieffektivitet. Golvvarme vil gje den desidert beste driftsøkonomien. Om ein derimot vel å bruke eksisterande radiatoranlegg berekna for høgtemperatur, må ein sjekke at radiatorane kan avlevere tilstrekkelig med varme ved bruk av varmepumpe.

Kvifor kan det være ein fordel med buffertank?

Om varmepumpa er av typen av/på bør ein som ein grunnregel ha buffertank, størrelse vert bestemt av varmepumpa si yting og driftsforhald. Væskevolum kan variere frå 50 liter til mange hundre liter. Optimalisering av anlegget sitt væskevolum vil gje overlegen driftsøkonomi. Ved bruk av turtalsregulerte varmepumper vert behovet for væskevolum redusert.

Det er ikkje gull alt som glimrar.

" Norsk ordspråk "

ENERGI LINKAR


VARMEPUMPE FAKTA

  • Aukar energi 3 til 5 gongar
  • Gjev stabil og god varme
  • Reduserer varmekostnadar
  • Reduserer klimautslepp

TA KONTAKT MED

Brekke Energi og Kraft
Tverrgata 4
6770 NORDFJORDEID

Telefon: 474 17 745
E-Post: beok@online.no

BESTILL BEFARING

BESTILL SERVICE

ENERGIBEREKNING

logo

© 2006 Brekke Energi og Kraft

novap

Panasonic

Nordic

fgass