Varmepumper Energibruk og Kraft
Nettsidene har informativ struktur, dess meir informasjon du ønskjer eller treng å finne, dess meir vil du få svar på.
Brekke Energi og Kraft leverer komplette varmeløysingar med fokus på best mogeleg driftsøkonomi, vårt fagområde er varmepumper og energibruk.
Dei fleste varmepumpeløysingar krev at du set deg litt inn i prinsipp og virkemåte for å finne løysingar som passar best for ditt eige hus.
Eit godt val av varmeanlegg og korrekt dimensjonering gjev det klart beste resultatet.
Vi brukar energi i store mengder
Dei fleste veit at den fossile energien vi brukar så mykje av idag minkar, den reine vasskrafta vi har i Noreg står også etter kvart for stor verdiskaping utanfor våre grenser. Ein stor del av straumforbruket vårt går til oppvarming, og det kan ofte sparast mykje ved å modernisere oppvarmingsløysinga. Brekke Energi og Kraft leverer alle sortar varmepumper, velg type varmepumpe i øverste meny for gode råd og meir informasjon.
Skal vi gjere noko med energibruken?
Ved å la straumen gå om varmepumper brukar ein energien smartare, i tillegg kan det sparast energi der ein ubevisst sløsar. Myndigheitene ønskjer å gjere oss meir bevisste på bruk av energiressursar, og stimulerer til enkelte tiltak. Det kan då være aktuellt med varmepumpe. For dei fleste vil det løne seg å redusere energibruken, det er noko alle vil tene på.
Eit lite menneske trur at små gode gjerningar har liten verdi, og gjer dei ikkje... på same tid meinar
menneske at små dårlege gjerningar ikkje skadar, og gjer dei...
" Kung Fu-tse "
Energi tips
- 20 grader inne
- Fokuser på kjerneområde
- Isolere uisolerte tak og veggar
- Skifte dårlege vindu
- Redusere bruk av varmtvatn