Brekke Energi og Kraft
"Energi for framtida"
Brekke Energi og Kraft

Brukartips vatn til vatn varmepumpe

For dei som allereide har fått ei varmepumpe installert, kan det være nyttig med litt tips om instillingar, vedlikehald og handtering av avvik.

Instillingar

tips vatn vatnEi vatn til vatn varmepumpe vert hovudsakleg brukt til oppvarming, varmepumpa kan også varme varmtvatn. Ein del modellar kan brukast til kjøling, men då ofte utan varming av varmtvatn. Kjølebehov kan ein lett dekke med såkalla frikjøling, sirkulerer då kald side av varmepumpa gjennom ein vifteradiator som er gunstig plassert. Best effektfaktor(COP) får ein i samband med eit lavtemperert varmeanlegg, dess meir ein løftar temperatur dess mindre får ein igjen for kvar kilowatt ein puttar inn.
Instillingar ein bør vurdere og følgje med på er;

TEMPERATUR - Golvmagasin bør ikkje over 35 grader for å ha høg COP
SIRK.PUMPE - Sørg for god sirkulasjon av vatn i golvsløyfene
ROMTEMP. - 20 istadenfor 21 grader romtemp. red. energibruk med 5%
MAGASINTRYKK - Hald trykket i golvmagasin omkring 1,5 Bar

NB; Senking av romtemperatur vil sjeldan løne seg for ei natt i fyringssesongen, er ein vekke nokre dagar løner det seg fort.

Vedlikehald

Kontroller temperatur og trykk jamnleg, monter gjerne nokre ekstra temperaturmålarar på strategiske plassar, med maks og min. registrering. Sjekk av og til for lekkasjar og svetting i koplingar. Fyll vatn på golvmagasin med jamne mellomrom dei første driftsåra, unngå å få inn luft ved etterfylling.

Manglande isolasjon på rør i teknisk rom vil gje varmetap og kondensering, pass derfor på at både kalde og varme rør er isolert.

Avvik

Etter straumutfall / spenningsfall, og varmepumpe oppfører seg unormalt;

  • Slå av varmepumpe
  • Kople frå straumtilførsel
  • Vent 5 minutt
  • Kople til straumtilførsel
  • Start varmepumpe
  • Er alt normalt etter nokre timar?
  • Om ikkje - ta kontakt for vidare aksjonar

ENERGI LINKAR


VARMEPUMPE FAKTA

  • Aukar energi 3 til 5 gongar
  • Gjev stabil og god varme
  • Reduserer varmekostnadar
  • Reduserer klimautslepp

TA KONTAKT MED

Brekke Energi og Kraft
Tverrgata 4
6770 NORDFJORDEID

Telefon: 57 86 11 99
Mobil tlf: 47 41 77 45
E-Post: beok@online.no

BESTILL BEFARING

BESTILL SERVICE

ENERGIBEREKNING

logo

© 2006 Brekke Energi og Kraft

novap