Brekke Energi og Kraft
"Energi for framtida"
Brekke Energi og Kraft

Luft til luft varmepumpe

Brekke Energi og Kraft er hovedforhandlar av Panasonic luft til luft varmepumper i Nordfjord forVentistål.

Alle luft til luft varmepumper frå Brekke Energi og Kraft er selektivt isolert i utedel på alle rør og delar som er varme i oppvarmingsmodus, dette vil redusere det gjennomsnittlege straumforbruket med 10%. Skal varmepumpa hovudsakleg brukast til kjøling så er det beste ei uisolert maskin. Dei isolerte varmepumpene frå Brekke Energi og Kraft har uslåeleg driftsøkonomi. Luftgjennomgang i sjølve radiator på utedel er i tillegg forbetra. Forbetringa av varmepumpa si yting i varmemodus er eit unikt produkt frå Brekke Energi og Kraft, varmepumpene vil til samanlikning med standard pumpe og montering bruke 25% mindre energi for å halde same temperatur midt i rom. Det blir levert gode og robuste varmepumper frå Panasonic (Panasonic, ideas for life).
Panasonic, Daikin, Mitsubishi, Toshiba, Sanyo, Sharp/IVT eller Fujitsu?

Kvifor luft til luft?

luft til luftEi luft til luft varmepumpe vil, når den er gunstig plassert, være inntent iløpet av få år, investeringane er vanlegvis lave i forhold til utbyte. Inngrepa er små og dei estetiske følgjene vil også kunne være minimale om alternative løysingar er godt vurderte. Ein god indikator på varmepumpa sin driftsøkonomi er innstillt temperatur i forhald til verkeleg temperatur i rommet - dess lavare innstillt dess gunstigare - når romtemperatur er 21 grader og innstillt er 20 er driftsøkonomi god - når romtemperatur er 21 grader og innstillt er 23 så er driftsøkonomi dårleg. Vert det registrert at effekt er redusert etter fleire års drift, viftehastigheit aukar og temperatur må aukast for å levere same romtemperatur, då er tida komen for reingjering og rens av radiatorar i inne- / utedel, bestill service eller ring oss for å få utført rens og kontroll.
Brukartips - luft til luft varmepumpe

Krav om sertifisering frå 1 september 2013

F-gass forordning No. 842/2006, vart innført 6 mai 2010. Frå 4 juli 2011 vart det innført sertifiseringskrav, vidare er det frå 1 september 2013 kunn F-gass sertifiserte bedrifter med sertifisert personell som kan montere/demontere varmepumper, alt arbeid på varmepumper utan sertifisering er ulovlig.

Forskjellige modellar for ulike behov

Det er grunnleggande å fokusere på huset sitt kjerneområde - der ein skal ha det varmast. I boligar der varmen skal være i fleire område/etasjar, vil varmepumper med fleire innedelar være eit godt alternativ.
- FØLGJANDE MODELLAR VERT LEVERT;
"Etherea" -NZ-TKE - Garantert drift til -35 grader
"Etherea" -NZ50TKE - Garantert drift til -35 grader
"Flagship" -HZ-UKE - Garantert drift til -35 grader
"Retrofit" -LZ-TKE - Garantert drift til -35 grader
"heatcharge" -VZ-SKE - Garantert drift til -35 grader
"Multimaskin" -2Z41TBE inne x 2 - Garantert drift til -25 grader
"Multimaskin" -3Z52TBE inne x 3 - Garantert drift til -25 grader

- SISTE NYTT frå "Panasonic Heating and Cooling systems"

- NYE ENERGIKLASSER FRA 1.1.2013

- AIRCONDITION OG KJØLING AV DATAROM

- VARMEEFFEKT I FORHOLD TIL UTETEMPERATUR

Det er viktig å forsikre seg om at montør brukar elektronisk vakuummeter. Utan eit skikkeleg vakuummeter har montøren ingen kontroll på vakuumprosessen og varmepumpeanlegget si levetid kan være kraftig forkorta.

KVA FØRER DÅRLEG VAKUUM TIL?

Kva skal vektleggast før installasjon?

Estetikk ute og inne er viktig, hugs gode naboar.

  • Fokuser på kjerneområde
  • Plassering av innedel
  • Trekkfølelse frå innedel
  • Støy frå både inne og utedel, lyd frå luft i bevegelse
  • Store luftmengder, frå 300 til 2000 kubikk i timen

HØG ELLER LAV MONTERING AV INNEDEL - KVA ER SKILNAD?

ENERGI LINKAR


VARMEPUMPE FAKTA

  • Aukar energi 3 til 5 gongar
  • Gjev stabil og god varme
  • Reduserer varmekostnadar
  • Reduserer klimautslepp

TA KONTAKT MED

Brekke Energi og Kraft
Tverrgata 4
6770 NORDFJORDEID

Telefon: 57 86 11 99
Mobil tlf: 47 41 77 45
E-Post: beok@online.no

BESTILL BEFARING

BESTILL SERVICE

ENERGIBEREKNING

propartner

logo

© 2006 Brekke Energi og Kraft

novap

Panasonic

Nordic

fgass