Brekke Energi og Kraft
"Energi for framtida"
Brekke Energi og Kraft

Varmepumpe prinsipp

Ei varmepumpe sin funksjon er basert på ein gammal og kjent teori. Alt i 1830 fann franskmannen Sidi Carnot teorien, for det som seinare vart grunnlaget for dagens kjøle- og varmepumpeanlegg. Ifølgje Carnot sine teoriar er ei varmepumpe eit energitransportanlegg som fraktar ei varmemengde frå eit lavt temperaturnivå til eit høgare temperaturnivå.

Om ein overfører Carnot sine teoriar til eit moderne varmepumpeanlegg, så tilsvarar varmemengda på det lave temperaturnivået, den energi som vert henta frå vatn, sjø, jord og luft på den kalde sida av varmepumpa, og det høgare temperaturnivået tilsvarar varmeanlegget i huset. Eit varmepumpeanlegg er altså eit energitransportanlegg som fraktar energi frå kjølige omgivelsar ute og inn i huset sitt varme sentralvarmeanlegg.

Carnot sin teori beskriv vidare at systemet kun fungerar sålenge varmepumpa sin kompressor vert tilført ein viss drivenergi. Denne energien tilsvarar i praksis kompressoren sitt straumforbruk. Det mest spennande med teorien er imidlertid at for kvar kW elektrisitet som vert tilført, kan varmepumpa transportere 2 til 5 gangar meir energi frå det lave temperaturnivået og inn til det høge. Ein betalar med andre ord kun for ein brøkdel av energien som varmepumpa leverer.

Ei varmepumpe sin energikvalitet bestemmer ein lett ut ifrå "effektfaktoren" som er forhaldet mellom tilført energi frå el-nettet og levert energi til huset sitt varmeanlegg. Når effektfaktoren(COP Coefficient Of Performance) for eksempel er 3, så betyr det at varmepumpa leverer 3 gongar energien ein kjøper frå el-nettet.

varmepumpe prinsipp

NB: Luft luft varmepumper har direkte fordamping og kondensering.
KOMPRESSOR: Kuldemedie vert komprimert, trykk og temp. aukar kraftig
KONDENSATOR: Kuldem. varmar vatn, temp. går ned, trykk er konstant
EKSPANSJONSVENTIL: Kuldem. ekspanderer, trykk og temp. kraftig ned
FORDAMPAR: Kuldemedie kjøler vatn, temperatur aukar, trykk er konstant
KOLLEKTOR: UTE - her vert energien henta frå jord, sjø eller luft
VARMEANLEGG: INNE - her vert energi avgjeve til oppvarming av huset

ENERGI LINKAR


VARMEPUMPE FAKTA

  • Aukar energi 3 til 5 gongar
  • Gjev stabil og god varme
  • Reduserer varmekostnadar
  • Reduserer klimautslepp

TA KONTAKT MED

Brekke Energi og Kraft
Tverrgata 4
6770 NORDFJORDEID

Telefon: 474 17 745
E-Post: beok@online.no

BESTILL BEFARING

BESTILL SERVICE

ENERGIBEREKNING

logo

© 2006 Brekke Energi og Kraft

novap


Panasonic