Brekke Energi og Kraft
"Energi for framtida"
Brekke Energi og Kraft

Kva merke varmepumpe?

Når ein skal bli varmepumpe eigar, er det nokre val som skal gjerast. Det er eit stort utval av varmepumper i marknaden, det skil lite mellom dei mest kjende merka. Behov, energisparing, kvalitet, kostnad, service frå leverandør og service frå importør er viktig. Same kva merke du vel, så skal du gå for eit varemerke du har høyrt om før.

best i test?

Best i testDei fleste leverandørar har ein test som viser at deira pumpe er best, som understreka ovanfor er det ofte lite som skil mellom dei beste maskinene i marknaden. Energimyndigheten i Sverige testar varmepumper, her ser du kva som skil dei ulike maskinene, link er å finne til høgre - "Energimyndigheten(SE)"

Kuldegrader og luft luft varmepumper

Ei luft varmepumpe hentar all varmeenergien frå uteluft og kompressor. Etterkvart som utetemperatur går ned dekker varmepumpa mindre og mindre av huset sitt varmebehov. Normalt vil ei fornuftig dimensjonert varmepumpe dekke alt varmebehov i kjerneområde av hus ned til 10 minusgrader.
Med unntak av i nye og godt isolerte hus, må ein no spe på med tilskotsvarme etterkvart som gradestokken kryp vidare nedover. Ei skikkeleg varmepumpa vil utan vanskar gje god og rimeleg varme vidare nedover til omkring -25 grader. Om elektronikken ikkje sperrar for vidare drift kan varmepumpa enno hente varme frå utelufta. I dei ekstremt lave utetemperaturområda vert drifta meir marginal og dekkjer ein mindre del av varmebehovet. Då er det god og tørr ved som skal ta seg av hovudoppvarminga.

Krav om sertifisering frå 1 september 2013

F-gass forordning No. 842/2006, vart innført 6 mai 2010. Frå 4 juli 2011 vart det innført sertifiseringskrav, vidare er det frå 1 september 2013 kunn F-gass sertifiserte bedrifter med sertifisert personell som kan montere/demontere varmepumper, alt arbeid på varmepumper utan sertifisering er ulovlig.

Viftemotor i innedel

Når det gjeld støy frå viftemotorar i innedel så er det mange produsentar som slit med det. Panasonic starta alt frå oktober 2006 med keramiske lager i viftemotorar på alle "Nordiske" modellar.
Mitsubishi, Toshiba, IVT med fleire byter no viftemotorar, same kva dei måtte seie. Utfordringa er at dei heller ikkje har hatt keramiske lager i viftemotorane, og då kjem støyen etterkvart.

God service er viktig

Som ei totalvurdering av kvalitet, importør, yting og pris er vi svært nøgde med Panasonic sine modellar, det er våre kundar også. Dette er vårt val og våre erfaringar i vårt område av landet, alle våre kundar kan stole på gode og robuste varmepumper frå Panasonic.

Om du trur alt du høyrer, så går du til havet etter kaniner og til skogen etter fisk.

" Bulgarsk ordspråk "

ENERGI LINKAR


VARMEPUMPE FAKTA

  • Aukar energi 3 til 5 gongar
  • Gjev stabil og god varme
  • Reduserer varmekostnadar
  • Reduserer klimautslepp

TA KONTAKT MED

Brekke Energi og Kraft
Tverrgata 4
6770 NORDFJORDEID

Telefon: 57 86 11 99
Mobil tlf: 47 41 77 45
E-Post: beok@online.no

BESTILL BEFARING

BESTILL SERVICE

ENERGIBEREKNING

logo

© 2006 Brekke Energi og Kraft

novap

Panasonic

Nordic

fgass