Brekke Energi og Kraft
"Energi for framtida"
Brekke Energi og Kraft

Inverter væske-vatn varmepumpe

Turtalsregulerte(inverter) kompressorar tilpassar seg varmebehov ved at kompressorturtal vert auka eller redusert. Når varmebehovet er lite går dei på lav omdreining, tilsvarande høg omdreining når varmebehovet er stort. Dette gjev færre start/stopp av kompressor, betra driftsøkonomi og auka levetid på varmepumpeanlegget. Ei tilsvarande varmepumpe av start/stopp typen må etter oppstart gå i minst 3-4 minutt på full effekt før kuldemediekretsen fungerer som den skal, dette aukar straumforbruk og reduserer levetid. Varmepumper av start/stopp typen treng i tillegg stor magasinering og eigen shuntregulering til varmekursar for å fungere optimalt. Turtalsregulerte varmepumper tilpassar seg lett reelt varmebehov og vil samanlikna med av/på varmepumper redusere straumforbruk med omkring 20%.

inverter 1. HX-35 frå kollektor i vatn, sjø, jord, luft
2. HX-35 til kollektor i vatn, sjø, jord, luft
3. Sirkulasjonspumpe, går når varmepumpe går
4. Varmevekslar, fordamping av kuldemedie
5. Fordampa kuldemedie til kompressor
6. Kompressor med inverter trykk/temp. aukar
7. Varmt kuldemedie til kondensator
8. Varmevekslar, kondensering av kuldemedie
9. Ekspansjonsventil, trykk/temp. går ned
10. Sirkulasjonspumpe, sentralvarme og vvb
11. El.patron 6kW til legionella & tilskotsvarme
12. 3-veis motorventil - veksling varme/vvb 13. Retur frå varmeanlegg
14. Tur til varmeanlegg frå 25º til 55ºC 15. Varmtvatn beholdar 170 liter
16. Ytterkappe vvb sikrar stor varmeflate 17. Kaldt vatn til varmvatn beholdar 18. Varmtvatn til forbruk 19. Buffertank varmeanlegg 40 liter.

Fordelar med turtalsregulert kompressor

  • Slutt på start/stopp av varmepumpe i fyringssesong
  • Best driftsøkonomi med tilpassa drift
  • Reduksjon av slitasje/støy
  • Auka levetid
  • Over 20% red. i el-forbr. samanlikna med av/på varmepumpe
  • Småkøyring i varme periodar om sommar vert over halvert

ENERGI LINKAR


VARMEPUMPE FAKTA

  • Aukar energi 3 til 5 gongar
  • Gjev stabil og god varme
  • Reduserer varmekostnadar
  • Reduserer klimautslepp

TA KONTAKT MED

Brekke Energi og Kraft
Tverrgata 4
6770 NORDFJORDEID

Telefon: 57 86 11 99
Mobil tlf: 47 41 77 45
E-Post: beok@online.no

BESTILL BEFARING

BESTILL SERVICE

ENERGIBEREKNING

logo

© 2006 Brekke Energi og Kraft

novap

dvi