Brekke Energi og Kraft
"Energi for framtida"
Brekke Energi og Kraft

Plassering av innedel

Brekke Energi og Kraft driv også forskning og utvikling og har dokumentert forskjellane ved høg/lav montering av varmekjelde. Når det gjeld oppvarmingsmodus vert driftsøkonomi betra med 15% for å halde same romtemperatur midt i rommet når varmekjelde er lavt montert. For kjølemodus vert driftsøkonomi best ved høg montering. Loggingar er utført med lik utvendig temperatur, lik innvendig starttemperatur, lik termisk masse og termisk energi - ingen lagra avvikande temperatur.

Utstyr brukt

Målingar og registreringar er utført i eit rom der golv, tak og veggar består av 5 cm polyuretan - utvendig temperatur under målingane, som pågjekk i 4 timar og 10 minutt, var heile tida 19 grader. Oppvarmingskjelde er ei varmevifte kontrollert av ein elektronisk termostat som startar/stoppar vifta. Termostat er plassert midt i rom mellom temperaturloggarar. Temperatur dataloggarar er plassert 10 cm over golv og 10 cm under tak.

Oppsummering og samandrag av resultat

Når varmekjelde er høgt plassert(bles skrått nedover i 60 grader vinkel frå tak) aukar straumforbruket med 13 %. Det er viktig å legge merke til at snitt temperatur oppe ved tak er nærare 3 grader høgare enn temperatur ved golv når varmekjelde er høgt montert.
Dreg ein paralellar til varmepumpe og plassering av innedel i varmemodus kan varmepumpa sin effektivitet og varmeproduksjon målast og bereknast ved å registrere passert luftmengde og differanse temperatur mellom innsug- og utblåsingsluft. For å gje same energimengde til rom i 3 grader varmare innsugsluft må kompressor levere inn gass som gjev 3 grader høgare temperatur på utblåsluft, dette aukar straumforbruket til kompressor med 15 %.

Lav montering av innedel reduserer straumforbruk til kompressor, varmefordeling og komfort vert betre - temperaturforskjell frå golv til tak minkar. Totalt dreiar det seg om ei straumforbruksendring på omkring 15 % for å halde same temperatur midt i rom.

Kombinerer ein lav montering med ei tilleggsisolert varmepumpe frå Brekke Energi og Kraft vil straumforbruket i varmemodus gå ned med tilsaman 25% samanlikna med standard montering oppe under tak.

Vert innemiljø endra med varmepumpe?

Når varmepumper erstattar panelovnar og varmekablar som har halde jamn temperatur over døgeret, vert det marginale endringar i rommet. Når det vert montert varmepumpe i rom der temperatur tidlegare har variert over døgeret med mange grader, grunna vedfyring, vil luft verte 5-10% tørrare når temperaturen er stabilisert. Ein kan bruke luftfuktar for å behalde opprinneleg fuktinnhald/innemiljø, luftfuktigheit kan målast med eit hygrometer. I kjølemodus blir det såkalla kaldras mot golv når innedel står lavt, Brekke Energi og Kraft leverer tilpassa gjennomsiktig golvvern om pumpa i periodar er mykje brukt til kjøling. Om varmepumpa kun skal brukast til kjøling vil dessutan innedel verte høgt montert for å gje best driftsøkonomi.

LAV - KONTRA HØG MONTERING I VARMEMODUS;

  • Straumforbruk: Vert redusert med 15% for å halde same temperatur
  • Temperatur: Temperaturskilnad frå golv til tak minkar med 2 grader
  • Trekk/blåst frå innedel: Vert flytta ned til golv og vekk frå nakke
  • Varmefordeling: Vert betra då ein er på lag med fysikk, varme stig
  • Kjøleyting: Vert redusert med 15% for å halde same romtemperatur
  • NB - kjøl: Golv kan skadast ved kjøling, kondensering

ENERGI LINKAR


VARMEPUMPE FAKTA

  • Aukar energi 3 til 5 gongar
  • Gjev stabil og god varme
  • Reduserer varmekostnadar
  • Reduserer klimautslepp

TA KONTAKT MED

Brekke Energi og Kraft
Tverrgata 4
6770 NORDFJORDEID

Telefon: 474 17 745
E-Post: beok@online.no

BESTILL BEFARING

BESTILL SERVICE

ENERGIBEREKNING

logo

© 2006 Brekke Energi og Kraft

novap