Brekke Energi og Kraft
"Energi for framtida"
Brekke Energi og Kraft

Isolert utedel, unike varmepumper

Kvifor er ikkje varmepumpene isolert frå fabrikk?

Hovedgrunn er redusert kjøleyting, kostnad og tilkomst. I kjølemodus vert den varme kompressoren ei utfordring, og det er løyst ved å begrense kompressorturtal(straumforbruk), ingen varmepumper som er i salg idag kan bruke like mykje straum i kjølemodus som i varmemodus. I varmemodus vert den varme kompressoren svært gunstig då den bidreg til oppvarminga inne.

UTEDEL FØR ISOLERING

I sjølve utedel er det frå fabrikk gjort lite for å redusere varmetap i oppvarmingsmodus, hovudgrunn for dette er redusert kjøleyting, kostnad og tilkomst. Ein del produsentar monterer isolasjon kombinert med støydemping i utedel, isoleringa er ikkje selektiv og tett omsluttande. Brekke Energi og Kraft isolerer selektivt og tett omsluttande, resultatet vert varmepumper med uslåeleg driftsøkonomi i varmemodus.

UTEDEL ETTER ISOLERING

Alle varme rør, delar, filter og sjølve kompressor(side og topp) er isolert med 8 til 20 millimeter "Armaflex". Rør og delar som er kalde i oppvarmingsmodus er uisolert. "Armaflex" har gode isoleringseigenskapar og vil også gje betre støydemping av utedel, lyden ein legg merke til ute vil være frå luft i bevegelse. Skal varmepumpa hovudsakleg brukast til kjøling er det beste ei uisolert maskin.

SAMANDRAG & OPPSUMMERING

Dei selektivt isolerte varmepumpene frå Brekke Energi og Kraft varmar deg mest for minst straum. Dess kaldare det vert ute dess meir varme har du igjen inne i forhald til ei uisolert maskin, varmepumpene har overlegen driftsøkonomi samanlikna med standard maskiner(som levert frå fabrikk). Legg og merke til at når andre varmepumper slit, gjev dei ekstraisolerte varmepumpene frå Brekke Energi og Kraft fortsatt godt med varme.

Isolering gjev følgjande endringar:

Varmeyting: Aukar med 6 til 36%
Effekttap: Stråle og konveksjonstap vert redusert med 110 til 400 watt
Ekstra effekt pr. døger: Frå 7,5 kWh til 12,5 kWh meir varme/døger
COP: Effektfaktor i varmemodus aukar med ein verdi på inntil 1
Straumforbruk: Kompressor sitt straumforbruk går ned med 6 til 36%
Gjennomsnittleg straumforbruk: Vert redusert med over 10%
Kjøleyting: Maksimal kjøleyting vert redusert med 25%
( NB - Ekstra varmeproduksjon avheng av modell og yting)

ENERGI LINKAR


VARMEPUMPE FAKTA

  • Aukar energi 3 til 5 gongar
  • Gjev stabil og god varme
  • Reduserer varmekostnadar
  • Reduserer klimautslepp

TA KONTAKT MED

Brekke Energi og Kraft
Tverrgata 4
6770 NORDFJORDEID

Telefon: 57 86 11 99
Mobil tlf: 47 41 77 45
E-Post: beok@online.no

BESTILL BEFARING

BESTILL SERVICE

ENERGIBEREKNING

logo

© 2006 Brekke Energi og Kraft

novap

Panasonic

Nordic

fgass