Brekke Energi og Kraft
"Energi for framtida"
Brekke Energi og Kraft

Aircondition og kjøling av datarom

Brekke Energi og Kraft leverer kjøleløysingar for dei fleste bruksområde.

Aircondition

coolI dei tilfeller anlegget skal brukast til kjøling om sommar og varme om vinter kan ei heilt vanleg varmepumpe brukast. Skal anlegget kun brukast til kjøling om sommar og ellers stå ubrukt kan ei rein kjølemaskin av on/off typen brukast. On/off anlegga kan kun køyre kuldemedie ein veg, i tillegg manglar kompressor turtalsregulering(Inverter), desse anlegga vert normalt rimelegare enn vanlege varmepumper. Maskinene er ikkje lagerført.

Kjøling av datarom

coolNår eit datarom skal kjølast kan ein ikkje bruke reine kjølemaskiner av on/off typen. Det er og utfordrande å få reine varmepumper som kan kjøle til å fungere. Her krevst det spesielle maskiner som er tilpassa heilårskjøling. Brekke Energi og Kraft leverer maskiner som er berekna for dataromskjøling, maskinene leverer problemfri kjøling ved 20 minusgrader. Maskinene for dataromskjøling er normalt ikkje lagerført og det må påreknast leveringstid.

Forsikre deg om at anlegg som skal kjøle datarom vil fungere sjølv når det vert kuldegrader ute.

" SivIng. Bjarte Ruudi, PROCOOL "

Kva skal vektleggast før installasjon?

Estetikk ute og inne er viktig, hugs gode naboar.

  • Kan overskotsvarme nyttast andre plassar?
  • Kan god ventilasjon redusere temperatur?
  • Solskjerming
  • Frostsikring av kondensvatn
  • Trekkfølelse frå innedel
  • Støy frå både inne og utedel, lyd frå luft i bevegelse
  • Store luftmengder, frå 300 til 2000 kubikk i timen

ENERGI LINKAR


VARMEPUMPE FAKTA

  • Aukar energi 3 til 5 gongar
  • Gjev stabil og god varme
  • Reduserer varmekostnadar
  • Reduserer klimautslepp

TA KONTAKT MED

Brekke Energi og Kraft
Tverrgata 4
6770 NORDFJORDEID

Telefon: 57 86 11 99
Mobil tlf: 47 41 77 45
E-Post: beok@online.no

BESTILL BEFARING

BESTILL SERVICE

ENERGIBEREKNING

logo

© 2006 Brekke Energi og Kraft

novap

Panasonic

Nordic

fgass