Brekke Energi og Kraft
"Energi for framtida"
Brekke Energi og Kraft

Brukartips luft til luft varmepumpe

For dei som allereide har fått ei varmepumpe installert, kan det være nyttig med litt tips om instillingar, vedlikehald og handtering av avvik.

Instillingar

tips luft luftEi luft til luft varmepumpe kan brukast til oppvarming og kjøling. I tillegg kan den avfukte ved å kombinere oppvarming og kjøling slik at kondensering vert framprovosert. Nokre modellar har vedlikehaldsvarme, til frostsikring av boligar, med 8 - 10 grader temperaturinstilling. Dei vanlegaste instillingane ein bør bruke er;

MODE - Velg HEAT for varme og COOL for kjøling, ikkje bruk AUTO
FAN SPEED - Bruk AUTO, NB; Høg hastigheit kan gje betre spredning
AIR SWING - Lås finnar i ønska/beste varmerettning, ikkje bruk AUTO
TEMP - 20 istadenfor 22 grader i oppvarming red. energibruk med 10%

Bilete av skjermar på fjernkontrollar - gjeld våre kundar

MANGLAR DU BRUKARMANUAL?

NB; Når "POWER" lampe blinkar i oppvarmingsmodus er dette heilt normalt, det pågår enten oppstart av maskin eller avising

Vedlikehald

I tillegg til vanleg reingjering bør støvfiltera, minst ein gong i året, skyllast med lunka vatn frå baksida, lat dei tørke før montering.
Etter ekstremver(snødrev og sluddbyger), som utset utedel for store belastningar, sjekk at det ikkje byggjer seg opp is på nedre halvdel av radiator. Om det har bygt seg opp is kan isen lett fjernast med varmt vatn på ei pumpekanne, stopp varmepumpa før det eventuellt blir gjort.
Sjekk radiator på utedel nokre gonger i året for framandobjekt (lauv og anna rusk), som hindrar fri luftgjennomgang.

Etter nokre år med vellykka drift kan effekt bli merkbart redusert om det har samla seg ein del støv og fint smuss i sjølve radiatorar inne / ute.
Det vil då være nødvendig med ein grundig rens av radiatorar for å gjenopprette god driftsøkonomi, ta kontakt for vidare aksjonar.

Avvik

Etter straumutfall / spenningsfall, og varmepumpe oppfører seg unormalt;

  • Sjekk at innedel gjev kvitteringslyd
  • Om kvitteringslyd manglar - skift batteri i fjernkontroll
  • Slå av varmepumpe
  • Kople frå straumtilførsel
  • Vent 5 minutt
  • Kople til straumtilførsel
  • Start varmepumpe
  • Er alt normalt etter 30 minutt?
  • Om ikkje - ta kontakt for vidare aksjonar

ENERGI LINKAR


VARMEPUMPE FAKTA

  • Aukar energi 3 til 5 gongar
  • Gjev stabil og god varme
  • Reduserer varmekostnadar
  • Reduserer klimautslepp

TA KONTAKT MED

Brekke Energi og Kraft
Tverrgata 4
6770 NORDFJORDEID

Telefon: 474 17 745
E-Post: beok@online.no

BESTILL BEFARING

BESTILL SERVICE

ENERGIBEREKNING

logo

© 2006 Brekke Energi og Kraft

novap

Panasonic

Nordic