Brekke Energi og Kraft
"Energi for framtida"
Brekke Energi og Kraft

Brekke Energi og Kraft gjev kundane,

- Tilleggsisolerte varmepumper

Dei ekstraisolerte maskinene gjev frå 5,3 til 10,6 kWh meir varme pr. døgn ved full effekt samanlikna med tilsvarande fabrikkleverte modellar.

- Kvalitetssikring

Hovudarbeidsfeltet til Brekke Energi og Kraft er montering og levering av varmepumper. Vi har skikkeleg utstyr og høg kompetanse, godt verktøy og gode teknikkar sikrar det beste resultatet. I samband med montering er det viktig å sikre at anlegget er tett, lekkasje og fukt lagar problem. Erfaring viser at manglar ved monteringsarbeid kan gje dyre reperasjonar. Flensing av rør vert utført med elektrisk flenseverktøy, som gjev dei beste og tryggaste tetteflatene. Rør- skøytane vert momenttrekt, og det blir utført trykk og lekkasjetesting med nitrogen. Til slutt før påslepping av kuldemedium vert det vakuumert til djupt vakuum(99,997 % vakuum). Kompressorolje tiltrekk seg lett fukt, djupt vakuum hindrar fuktpåvirkning og aukar varmepumpa si levetid med mange år.

- Dokumentasjon, opplæring og garantiar

Ved overlevering av ferdig anlegg vert det levert utfyllande informasjon om yting, bruk og vedlikehald av varmepumpa. Ein praktisk gjennomgang og forklaring er standard etter driftsetting. I tillegg føl det alltid med brukarveiledning på norsk og signert garantiskjema. Våre nettsider har eigne brukartilpassa sider med nyttige tips og utfyllande dokumentasjon.

- Service og vedlikehald

Alle kundar vert kontakta i etterkant av driftsetting, for å sikre at alt fungerer som det skal. Er det behov for assistanse/hjelp utover den første tida så er vi å treffe på telefon alle dagar. Kundar vert også kontakta når det er tid for vedlikehald, normalt etter 4 år, serviceavtale kan teiknast.

- Førsteprioritet

Brekke Energi og Kraft er hovudforhandlar av Panasonic varmepumper i Nordfjord for Ventistål AS(største leverandør av varmepumper i Norge). Dette medfører at våre kundar har førsteprioritet om andre aktørar i markedet krev same assistanse frå Ventistål AS.

ENERGI LINKAR


VARMEPUMPE FAKTA

  • Aukar energi 3 til 5 gongar
  • Gjev stabil og god varme
  • Reduserer varmekostnadar
  • Reduserer klimautslepp

TA KONTAKT MED

Brekke Energi og Kraft
Tverrgata 4
6770 NORDFJORDEID

Telefon: 57 86 11 99
Mobil tlf: 47 41 77 45
E-Post: beok@online.no

BESTILL BEFARING

BESTILL SERVICE

ENERGIBEREKNING

logo

© 2006 Brekke Energi og Kraft

Panasonic